Kjære Dagbladredaktør, Dagbladlesarar, Kulturrådet og andre.

Alle diskusjonar vil stå i forhold til kva ein “sirklar inn”.

Dagbladet har dei siste vekene sirkla inn habilitetsproblematikk i Kulturrådet og praksis dei meiner fører til (mistanke om) urettferdig forvaltning av offentlege ressursar. Mitt navn (m.a.) er nevnt som eksempel her fleire gonger – fordi eg dette året har vore i musikkfagutval og samtidig har fått tilsagn på søknader.

Seinast på sjølvaste leiarplass 27.12.2012 er dette å lese.

Og no har eg òg lest at nestleiar i rådet (og medlem av 2 av 3 musikkfagutval), Arnfinn Bjerkestrand, kjem Dagbladet i møte (23.12.2012) og vil ha revurdering av praksisen.

Så.

For først å ta det prinsipielle ift Kulturrådet og habilitet i praksis, – utifrå det eg har lært og erfart desse månadane i dette musikkfagutvalet:

Ein er inhabil om ein

* søker sjøl

* er i slekt med søkar/nokon i søknaden

* er gift med/skilt frå søkar/nokon i søknaden

* har forretningsmessig forhold til søkar/noko(n) i søknaden (kan tjene eller tape pengar på tilslag/avslag e.l.)

* har nært forhold til søkar/nokon i søknaden

 

Habilitet står øverst på sakslista. Ein melder inn sin inhabilitet, denne blir vurdert av resten av utvalet og administrasjonen som er tilstade (dvs ca mellom 8-12 fagpersonar). Inhabilitetane, inkl. årsak, blir referert og arkivert. Dagbladet har jo gått gjennom alle desse (i alle 3 musikkutvala) og, som dei skriv, ikkje funne noko ureglementert. Men eimen av mistanke er like sterk, forstår vi.

 

Eg har søkt støtte frå kulturrådet (og andre) så lenge eg har vore musikar, dvs sidan starten på 90-talet. Som før har eg òg i år fått både avslag og tilslag på mine søknader til ulike utval i Kulturrådet – til “mine” band, musikalske prosjekt og konsept og til Sjøbygda Kunstnarhus sine prosjekt for kunstnarar i alle genre, alle felt. Det er altså ikkje slik at eg plutseleg har fått innvilga støtte til kunstneriske prosjekt for meg og andre i år FORDI eg sit i fagutval (må eg òg faktisk få lov til å velje å tru!). Dette gjeld òg andre medlemmer i utvala- ein får tilslag og ein får avslag -på ulike søknader. Så herved kan eg iallfall dementere myten om at “dei kan ikkje sjå kvarandre i augene om det blir gitt avslag”. Jau, det kan ein, og det gjer ein! -Og så går ein vidare i arbeidet; resten av søknadsbunken.

Innhaldet i søknaden ein er inhabil i blir ikkje snakka om verken før eller etter ein då HAR VORE PÅ GANGEN når resten av utvalet handsama denne.

 

Det er ikkje nok å gå på gangen, meiner Dagbladets redaktør. Han vil ha systemet endra. Så det blir mindre grunn til mistanke om kameraderi i fagutvalet – og det som verre tenkjast kan. Faktisk står heile kulturrådets legitimitet og balanserer i akkurat denne blandinga av minefelt og potensiell sovepute.

 

OM ein skal ha fagutval (og administrasjon) i Kulturrådet som aldri er inhabile, tenk over dette: (og no tek eg kun utgangspunkt i musikkutvalet eg har vore i:)

Det er fleire hundre søknader med tilsaman tusenvis av involverte musikarar, komponistar, arrangørar, produsentar, formidlarar m.m. involvert i kvar søknadsrunde. (Nei, eg har ikkje talt nøyaktig, men det kan jo for eksempel Dagbladet gjere?)

For å finne ut om ein er inhabil må ein først gå gjennom søknadane.

Deretter skal det då setjast saman utval utifrå det då, eller? Kor mange månader skal dette ta (i tillegg til dei mange månadane det tek å få svar på søknad no)? Korleis skal ein i praksis gjere dette?

Det går kanskje om ein involverer alle musikkfagpersonar i heile Norge på kvar runde – og har eit avkrysningssystem på alle innkomne søknader, så ein melder seg på om ein finn ei runde der ein faktisk er habil i alle sakene…Kanskje! (Eg anbefaler i tilfelle sterkt å vente med dette til Kulturrådet har fullført sin mangeårige prosess for digitalisering, så ein slepp å følgje opp dagens praksis òg her: på papir som så blir scanna og lagt inn på cdar som så blir sendt pr. post…)

OG: alle skal sjølvsagt ha betalt for arbeidet sitt- som sjølvsagt går av KULTURMIDLANE staten har satt av til musikkfeltet.

MÅLET med midlane og systemet og alt dette er FAKTISK musikkutvikling, musikkutøving, kunstnerisk arbeid, formidling etc.

 

Så. Akkurat denne MISTANKEN og MISTILLITEN meiner eg vi får øve oss på å leve med, eg. Eller endå betre: hjelpe kvarandre å bli kvitt!

Å vere inhabil som søkar sjølv eller på anna vis er ikkje i praksis nokon forskjell på, er det?

 

Fagutvalsmedlemmene er utnevnt for 2 år, så denne “makta” blir spreidd rundt på mange – over tid. Det er lurt. For alle partar og alle sider av alle sakene.

 

Eg har i løpet av mitt knappe år i denne “maktposisjonen” spurt kulturrådets administrasjon (sikkert irriterande) mange spørsmål om korleis alt heng i hop og kvifor og kven som bestemmer og når – og korleis vi kan få forbetra og forenkla systemet til det beste for målet; kunstnerisk verksemd, utvikling og formidling.

Eg har meldt kva eg meiner er viktigast både før og etter eg kom inn i utvalet; Forutsigbare vilkår for kunstnarisk verksemd. Langsiktige, heilårlege og fleirårige støtter. Enkle søknadsordningar med enkle rapporteringssystem og malar. Søknadsfristar som heng i hop med realistisk tidshjul -så ein kan planlegge og gjennomføre si verksemd i inn- og utland, inklusive alt som skal til. Eg ynskjer oss transparente prosessar, inklusive klar, tydeleg og kjapp kommunikasjon utad frå Kulturrådet når politikarane endrar kurs eller ordningane av andre grunnar blir lagt om. Med meir.

Det har vore utskifting i nesten heile administrasjonen i musikkseksjonen dette året. Eg har ikkje alltid fått svar. Og det er ein stor institusjon der ikkje alle til eikvar tid har det heilt klart korleis historia har blitt til eller heilheita og ansvaret eigentleg er…

 

Hadde det vore opp til meg hadde (kultur)journalistar GJERNE brukt detektivkikkerten på mange andre sider av kulturpolitikken og forvaltninga i Norges kunst- og kulturliv enn det Dagbladet har sirkla inn her.

Kvifor såpass lite av kulturmidlane som “går til musikkfeltet” faktisk når fram til sjølvaste musikarane, f.eks.

Eg skal vel fortsetje å melde om dette og meir til. Men. Ein må velje sine krigar og tid for kamp med omhu.

 

Sjølvsagt er det mykje viktigare for meg og mine kunstneriske verksemder å kunne vere søkar i Kulturrådet enn at eg sit i fagutval i Kulturrådet!

Og sjølvsagt er det vanvittig lite bra for mine kunstneriske verksemder å vere i mistankespotlight saman med ord som uredeleg, uprofesjonelt arbeid, kameraderi og anna styggskap!

Og sjølvsagt vil eg helst ikkje ha navnet mitt blanda oppi Dagbladets agurksuppe fleire juler!

 

Så med dette trekk eg meg som fagutvalsmedlem i Kulturrådet, eitt år før mi tid “skulle vore ute”. Takk for lærerik prosess dette knappe året.

Værsågod neste!

 

(Og gratulerer hr. Dagbladredaktør; det er delvis di reine fortjeneste. Berre å klappe seg på brystet og ta imot klapp på skuldra for den innsatsen der, du, ja. )

Og hjartans Godt Nytt År til alle!

vh

eldbjørg raknes